Flott gåve til bårehus/kyrkjestogo
Margit Bratvold i Styret for Knut Lahaug sin stiftelse for bårehus/kyrkjestogo overrakte ei gåve til det nye bygget under kommunestyret sitt møte Vestre Slidre i dag. Gåva var eit fint båreteppe, vove av Marit Anny Løken Tvenge, som er gjeve av Inga Holden til minne om Inga f. Frigstad og Jørn Wangensten Holden og deira etterkomarar. Båreteppet vil finne sin plass i det nye bygget når det står ferdig. Kyrkja er og takksame for det flotte teppet – det blir fint å smykke det nye bygget med når det er ferdig, seier kyrkjeverge Veslemøy Kvamme
Sist endra 24.06.2021 15.18