Du kan førehandsrøyste frå 11. august til og med 5. september.
I denne perioden kan du røyste i vallokal over heile landet.
Korleis førehandsrøyste?
https://www.valg.no/for-velgere/stortings--og-sametingsvalget-2025/nar-og-hvor-kan-du-stemme/
I Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre, kan du førehandsrøyste ved kommunens servicetorg innafor føljande opningstider frå 11.august til 5.september.
| Måndag – fredag | Kl.09.00 – 11.30 og 12.00-14.30 |
Korleis kan eg sjekke om eg er manntalsført, og i kva for kommune?
Alle kommunar i Norge er pålagde å skrive ut ei sokalla utleggingsmanntal. Dette er eit manntal som blir gjort offentleg tilgjengeleg og der du som veljar har moglegheit til å kontrollere eigne opplysningar, og eventuelt sende inn ei klage dersom det er feil i manntalet.
Kommunen har ikkje lov til å publisere manntalet elektronisk, det skal berre føreligge i papirutgåve.
I Vestre Slidre kommune er manntalet lagt ut til gjennomsyn ved servicetorget. Det ligg ute frå 14.juli til 8.september.
Vi oppfordrer alle som kan til å førehandsrøyste i perioden 11.august til 5.september.
Husk legitimasjon!