Frivillighetens dag

Måndag 5. desember markerte vi frivillgihetens dag.

 

Markeringa fann stad i kulturkafeen der kommuneansatte og frivillige lag og foreiningar i Vestre Slidre møttes til felles samling. Alle lag og foreiningar fekk presentere seg og fortelle om kva dei kunne bidra med inn mot barn og unge i bygda, eller som inkluderer innbyggjarar generelt. Ingibjorg Jonasdottir frå ALLEMED var også med over teams. Ho orienterte om korleis dei kan bidra for at Vestre Slidre kommune skal kunne oppfylle fritidserklæringa. KURVE avslutta kvelden med nydeleg sang.

Tusen takk til alle som møtte og for den gode innsatsen de gjer! Vi tek med oss innspela vi fekk og ser fram til vidare samarbeid.