Fugleinfluensa hjå villfugl i Norge

Det blir funne fugleinfluensa hjå eit stadig aukande tal ville fuglar i Norge. Dette omfattar fleire artar, men i år rammer sjukdommen særleg trua artar som krykkje og andre måkearter.

Smitta sirkulerer blant ville fuglar, og i Finnmark er det eit omfattande utbrot som har vara sidan byrjinga av juni. Ein må difor ta høgde for at utbrot med ei stor mengd sjuke og døde villfugl kan skje og i andre delar av landet. Det blir oppfordra til godt smittevern for å beskytte fuglar mot smitte. Det gjeld og eigne fuglar, t.d. høns.

  • Les meir om fugleinfluensa hjå Mattilsynet og Veterinærinstituttet her:

          Mattilsynet

          Veterinærinstituttet

  • Viruset smitter svært sjelden til mennesker, men som eit føre-var-prinsipp er det anbefaling om å ta visse åtgjerder. Les meir hjå Folkehelseinstituttet her (FHI):

    Folkehelseinstituttet

 

Siw Fosheim, kommuneoverlege i Vestre Slidre kommune peiker særleg på fyljande råd, som ein òg kan lese meir om i lenkene ovanfor:

  • Ikkje ta på sjuke eller døde fuglar eller andre dyr der det er mistanke om smitte.
  • Vask hendene godt med såpe og vatn etter kontakt med fugl, avføring frå fugl eller utstyr som har vore i kontakt med fugl. 
  • Varsle Mattilsynet og kommunen ved mistanke om fugleinfluensa hjå fuglar og andre dyr.
  • Kontakt lege dersom du har hatt kontakt med fugl eller andre dyr med mistenkt eller bekrefta smitte, og du får influensaliknande symptom (f.eks. hoste og feber), augnekatarr, oppkast, diaré eller alvorleg sjukdom dei 10 påfølgjande dagane. 
  • Hunder og katter må haldast unna sjuke og daude fuglar.
  • I område utan kjent fugleinfluensasmitte, kan død fugl leggast i ein dobbel avfallspose før den blir kasta i restavfallet. Hugs hanskar, munnbind og god handhygiene.
  • Sjuke fugler bør få vere i fred av omsyn til dyrevelferd.
  • Dersom fugleinfluensa skulle bli påvist i vår kommune eller i nabokommunane,  vil kommunen koma attende med informasjon om kva konkrete  tiltak som då må setjast i verk.
Bilde henta frå FHI sine sider