God jul frå ordføraren

Jul er tradisjon og jul er dei mange små nyanser i julerituala rundt i alle heimar. Det kan vera tv program ein kvar jul må sjå, matrettar på bordet som minner ein om jul, eller nokon ein må ringe, ha på besøk av, eller besøke. Vi er alle opptekne av det trygge og kjente og då er tradisjonar haldepunktet.

Så veit vi diverre at det heile tida er nokon som ikkje finn seg att i tradisjonane eller livet som gav dei tryggheit og varme i julehøgtida. La oss tenkje på dei som treng ekstra omsorg og merksemd. La oss også brenne eit lys for dei alle som lever i krig og fattigdom, i land med militante leiarar og diktatorisk styresett.

Tida står ikkje stille sjølv om det er jul og vi treng folk til å halde samfunnet i gang. Takk til alle dei som er på jobb i julehøgtida.

Med ynskje om ei god jul, og eit godt nytt år og la det lyse i dei stille grender også denne jula!