God stemning på den nye Kulturkaféen i Vestre Slidre

Den 8. mars opna den nye Kulturkaféen i Vestre Slidre med mønaskål for dei friviljuge som har vore med på oppussinga. Barseltreff, quiz, bustadseminar, ettermiddagskaffe og aktiv laurdag bidrog til mykje aktivitet i opningsveka. "Mø treng ein plass der må kan møte inan", sa ein av deltakarne på quiz fredag. Det håper vi den nye møteplassen vil kunne leggje til rette for framover! Vi deler nokre inntrykk frå dei første dagane.