Gratulerer til Vestre Slidre kulturskule med flott deltaking i UKM 2023

Helga 14.-16. april var det UKM-festivalen for Innlandet. 10 elevar frå kulturskulen her i Vestre Slidre kommune var med, fordelt på 4 innslag. Desse hadde alle kome vidare frå UKM Valdres i februar,  og var med for og  representere Valdres på fylkesfestivalen på Hamar.

Vestre Slidre kulturskulen kan ikkje hugse å ha hatt så mange av sine elever med å representere Valdres på fylkesfestivalen før. Så dette var verkeleg flott og kommunen er så stolte av alle saman!  

For eit av innslaga, Emmi and Orchestra, gikk det heile vegen! Dei vart plukkat ut til å representera Innlandet på UKM landsfestivalen, som er i Trondheim i juni. 

(PS: UKM står for Ung Kultur Møtes, og er en nasjonal festival som samlar kultur i alle sjangrar før ungdom mellom 13-20 år. Det er lagt opp slik at alle kommunar/regionar har sin lokale festival fyrst. Desse sender så vidare utvalgte representanter til ein fylkesfestival, som så sender representantar vidare til landsfestivalen.)

Emmi and Orchestra med Maud Johanna Erlandsen: fiolin, Emmi Nefstad: sang og gitar, Helmer Lystedt: trommer, Ronja Silvet Heiene: cello og Leah Søvik: cello.

Langeleikjentudn med Ragnhild Rolandsgard Hauge (Vestre Slidre), Ingeborg Aabol og Ingvild Arneng (Nord-Aurdal):

The Fury: med Tomas Rogn: gitar, Lili Nefstad: sang, Helmer Lystedt: trommer, Markus Leirhol Thanke: bass, Alve Lystedt: piano:

Maud Johanna Erlandsen, fiolin