«Gris-grendt» venskap

God stemning under slaktinga, tross elendig ver. F.v: Dag Olav Myren (39), Jan Tore Vik (44), Knut Olav Dokken (46), Jan Dokkehaugen (36) og Rune Nilsen (46).Fem unge karar i ei lita grend i Vestre Slidre dyrkar venskap gjennom matauk.

«Det er viktig å vite at maten vi et kjem frå eit dyr som har hatt det godt,» seier Knut Olav Dokken. Grisene går i eit område med 800 meter straumgjerde rundt på Dokkehaugen i Lomen. «Her har dei mykje plass til å leike seg, bade og gnage på røter. Dei får bevega seg skikkeleg, og det er det ikkje alle griser som får.» «Griser som har det bra, gir også betre kjøtkvalitet,» legg dei andre til. Mindre stress gir betre kjøt – og det er kortare veg til slakteriet. «Slaktaren bur jo beint uta i døre», ler dei. Dei er tydelege på at denne måten å drive på gir betre mat og betre dyrevelferd.

Grisane får mykje kjærleik, spesielt av Jan Dokkehaugen, som har grisane over gjerdet. «Det er triveleg å ha dei her,» tykkjer han. Ungar frå rundt i grenda kjem for å helse på grisane heile sumaren – og medan dei slaktast. Det tykkjer dei er spanande. Dei meir forsiktige vil heller servere bollar enn å undersøke kven som har flest tenner – vi eller grisane? Men alle set pris på å få vite kor maten kjem i frå.

Det mest populære kjøtet er skinkene. Dei heng høgt i kurs. Alle speker eigne skinker og spekeskinke med heimbaka flatbrød er populær kveldsmat heime hjå alle. Men det er også «best med juleribbe som ikkje ser ut som den kjem frå ein engelsk setter», ler dei. Ribbe med litt feitt på, betyr det.

Med så mykje svinekjøt, lærar dei å bruke heile dyret. Dei lagar mellom anna leverpostei og sylte, og for nokon står det svinetaco på menyen kvar fredag. I år har også Knut Olav bygd røykeri så no skal sideflesket bli til bacon. «Og medisterfarse har vi haugevis av!», seier Jan.

Verdien av samhald

For tre år sidan starta Jan Tore Vik som den fyrste opp med gris til eiga bruk. Sidan har fleire kome til. I dag er dei fem. Grisesamarbeidet styrkar venskapen mellom gutane i Johmsgrenda. Bortsett frå Rune Nilsen, har alle vakse opp i grenda og dei meiner det gode samhaldet legg til rette for venskap og felles prosjekt. Rune kom for fire år sidan og set stor pris på det inkluderande miljøet i Johmsgrenda. Det er lett å bli kjend og sjå moglegheiter for samarbeid. Terskelen for å spørje om hjelp er låg her i grenda, og det er aldri vanskeleg å få ja. Det er ut frå det gode samhaldet i grenda at også dette «gris-grendte» samarbeidet har vakse fram.

Ved å drive samdrift er det litt lettare å få det til. Når grisene stikk tå eller bryt seg laus så må det kraft til for å fange dei. Og alle fem er vand med å ta skikkeleg tak! Dag Olav Myren er slaktar, Rune og Jan er snikkarar, Knut Olav er smed og Jan Tore er fysioterapeut. Også i griselauget har dei ulike roller. «Det fell naturlig fordi vi har ulike eigenskapar og føresetnader for å bidra», seier Jan Tore. Jan har hovudansvaret for fòring og å halde dyra med selskap. Jan Tore, Knut Olav og Rune bidreg med gjerding, innkjøp og henting av myse, og slaktaren Dag Olav, ja han slaktar.

Medan det var vanleg å ha gris i gamle dagar, er terskelen høgare i dag. «Det er vanskeleg å få tak i slaktarar som slaktar heime», seier Dag Olav. Alternativet er å få godkjenning av Mattilsynet før grisene kan sendast på slakteri. Her gjer dei det sjølve, men tikrin-prøver må takast for å sikre at dyra er friske.

Knut Olav, Dag Olav og Jan Tore har vakse opp med gris på garden, og Jan Tore hugsa at han også besøkte griser på Dokkehaugen da han var liten. Alle er vand med dyr og til saman har dei et rikt utval av hest, sau, gris, høner, hund og katt. Dei trivst med arbeidet, men neste år må kanskje nokon ta eit «sabbatsår». Sjølv om skinkene er borte, er alle frysarane fulle av kjøt. «Dersom landet skulle stenge ned, har vi i alle fall godt med mat til påske!», ler dei.