Hans Majestet Kong Harald V er død

Hans Majestet Kong Harald har gått bort, og regjeringa har fastsett nasjonal sørgjeperiode (landesorg) frå dødsdagen til gravferdsdagen. Den nasjonale sørgjeperioden er ei tid for ettertanke og ei markering av at folket i Noreg er i sorg.

Kondolanseprotokollar

Kondolanseprotokoll blir lagt ut på servicetorget på Slidretun frå måndag 31.08.26.
Du kan signere ein elektronisk kondolanseprotokoll på Kongehuset si nettside, lenke finn du her.

Open kyrkje

På nettsidene til Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd finn du informasjon om ope kyrkje og kondolanseprotokoll. Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd (ekstern lenke) 

Blomster

Dersom nokon ynskjer å legge ned blomster ynskjer kommunen at flaggstonga ved Slidretun blir nytta. Ver vennleg og ikkje sett ut lys eller plast som kan kome på avvege.

Flagging

I Vestre Slidre blir det flagga på halv stong på Slidretun fram til gravferda.

Arrangement 

Private arrangement kan gjennomførast som normalt, med mindre arrangøren sjølv ønskjer noko anna. 
Kultur- og idrettsarrangement kan gjennomførast som planlagt, og underhaldningsarenaer kan haldast opne, med mindre arrangør eller eigar sjølv ønskjer å avlyse, utsetje eller stengje. Det kan vere naturleg at arrangørar markerer den nasjonale sørgjeperioden. 

Rettleiar om nasjonal sørgjeperiode 

Regjeringa har lagt ut ein rettleiar om sørgjeperioden. Du kan lese dokumentet på regjeringen.no (ekstern lenke)