I familien til Maud må alle ta i eit instrument kvar dag

For Maud Johanna Erlandsen (10 år) har det å spele fiolin alltid vore ein profesjon. Susanne Engelmann Maud Johanna Erlandsen (10 år) sluntrar ikkje unna. Ho øver kvar dag. No øver ho til Ungdommens Musikkmeisterskap, som i år går digitalt. I den regionale konkurransa vann ho si klasse. Der var ho ein av ti deltakarer frå Innlandet; ein av fem frå Valdres; og ein av tre som deltok frå familien Erlandsen. Valdres var med andre ord godt representert. Også Frida Leanne Rogn frå Vestre Slidre (15) vann si klasse.

Eivind Dølerud, Bente Hemsing og Susanne Engelmann har mykje å bety for engasjementet for klassisk musikk i Valdres. Bente er mor til dei kjende Hemsing-systrene og har vore Maud sin musikklærar sidan ho starta å spele som 5-åring. I tillegg reiser Maud til Oslo ein gong i månaden for å ha speletime ved Barratt Due.

Oppvaksen med musikk

Fiolin er Maud sitt hovudinstrument. Maud hugsar ikkje lenger korleis ho starta å spele fiolin eller kva som fekk henne til å starte. Mens Susanne og Odd Arne er «fyrste-generasjons-musikararar», har musikk alltid «berre vore der» for Maud. «Vi fekk lov til å velje instrumentar sjølv, men eg hugser pappa si da eg var liten: Maud skal byrje på fiolin.»

«Strykeinstrument er dei beste instrumenta for barn», seier mamma, Susanne. «Som liten er det lett å vekse med dei. Instrumenta kan bytast ut med større storleiker ettersom barna vert større». Men om dei vil bytte til andre instrument etter kort, har dei lov til det», smilar ho.

Alle i familien speler minst eitt instrument – og dei tuller ikkje. Med Odd Arne (44) på trompet og piano, Susanne (41) på cello, Maud og Solveig (8) på fiolin og kornett, Ada (6) på cello og Eilif (1) på mini-fiolin, har dei eige orkester. Sjølv om nokon ofte må passe på Eilif når han blir utolmodig. Odd Arne og Susanne jobbar begge i kulturskulen, og alle er med i band, orkester eller Valdresstrykerne.

Alle i familien Erlandsen må ta i eit instrument kvar dag. Her representert ved Maud (10), Solveig (8), Ada (6) og Eilif (1). Susanne Engelmann

Musikk som profesjon

For Maud er musikk meir enn ein interesse; det er ein profesjon. Ho legg stoltheit i å gjere sitt beste og bruker minst ein halv time på å øve kvar dag. Familien Erlandsen har ein regel om at alle må ta i instrumentet sitt kvar dag. Men dei kan sjølv velje kor mykje dei vil spele. Det er viktig for Susanne at barna får muligheit til å bli gode. «Og da må dei lære at dei må jobbe og sette seg mål». Difor er også barna med på det som skjer av arrangement, konsertar og konkurransar i Noreg. I Valdres er Maud og systrene involvert i Hemsing-festivalen og Sommersymfonien. Her møter dei vener, førebilete og lærarar. Maud har òg arrangert familiekonserter heime. Til to kroner for vaksne og ei krone for barn.

Nylig vann Maud sin aldersklasse blant strykarar i den nasjonale Midgardkonkurransen. Maud var ein av tre strykarar frå Valdres som deltok i konkurransen. Oppgåva var å spele eit variert program i den klassiske sjangeren. Deltakarane opptredde saman med profesjonelle pianistar og ble bedømt av ein jury beståande av erfarne og kjende klassiske musikarar. Ho tok med seg 3000 kroner heim.

Meir enn klassisk musikk

Maud er den yngste som er med i den eldste gruppa av Valdresstrykerne, kor Eivind Dølerud er dirigent. Ho speler òg i duo saman med Randi Winnem Tvedt på cello. Nasjonalt er det eit lite miljø for profesjonelle strykerar og Maud treff vener frå heile landet når ho deltek på ulike arrangement.

Men med skulevener høyrer Maud på pop. Venene hennes i 5. klasse synast Maud er veldig flink, men dei lengste stykkja ho speler kan bli litt lange. Maud er glad i skulen. Ho likar musikk, matte, kunst og handver, og engelsk. I musikk lagar dei eigne konserter med song og dans for klassa. Og saman med ei venninne har Maud skreve ein song og meldt seg på audition til MGP junior.

I tillegg er alle jentene i familien Erlandsen med på turn.

Maud trivst godt i Vestre Slidre og er spesielt nøgd med kulturskulen, som, kan vi slå fast, er ein av dei beste i Noreg. «Det må ho seie», ler Susanne. Men det er tydeleg at Maud elskar å spele. «Uansett kva som skjer vil eg spele heile livet», seier ho. «Det kan jo hende at ting endrar seg, men musikken vil eg alltid ta med meg».