Informasjon om fyrste skuledag måndag 18. august

Vi ynskjer alle elevar velkomne til fyrste skuledag måndag 18. august

1. klasse og føresette møter i gymsalen seinast 8.45, men må gjerne ta ein tur på skuleplassen fyrst.

2.-4. klasse møter på plassen framfor barnesteget, 5.-7. klasse møter ved ballbingen/gangvegen ved grusbanen og 8.-10. klasse på plassen framfor ungdomssteget.

Vi ber om at føresette minnar elevane på at dei skal nytte gangvegen ovanfor bussplassen når dei går frå buss/drosje/foreldreparkering til skuleplassen.

Vi gleder oss veldig til å treffe alle att etter ein lang sommarferie!