Barn fødd i 2020 skal starte i 1.klasse hausten 2026.
Barn og føresette er velkomne til innskriving ved Vestre Slidre skule torsdag 5. februar. Alle vi er kjende med gjennom barnehagane får brev om tidspunkt. Andre må ta kontakt med skulen på telefonnr. 61 34 51 10.
Hugs å ha med opplysningar om personnummer til innskrivinga. Dersom nokon ikkje kan møte, ta kontakt med skulen.