J14 Slidre/Røn Kretsmeister i fotball

Det er 30 år sidan sist eit fotballag frå Vestre Slidre vart kretsmeister. Slidre/Røn sitt J14 lag klarte den bragden i år å bli beste lag i heile Indre Østland fotballkrets. Laget slo Vaaler i finalen fyrste laurdagen i november. Kommunestyret heidra laget på kommunestyremøtet måndag 21.11.22.

Ordførar Haldor Ødegård er stolt og imponert over laget sin prestasjon og heidra dei med marsipankake og ein gavesjekk på kr 2500.

Bak f.v: Ordførar Haldor Ødegård, Margunn Hålien, Hilde Hippe Bergheim, Maia Bunde, Tuva Solsten, Kaisa Nybråten Berg, Vibeke Holten Riste, Emma Kristine Hambro og Linn Hovi Viken. Fremst f.v: Anna Dalbø, Mali Gustavsen, Emma Isabell Kvale og Ane Bunde. Mali Gustavsen tek i mot sjekk på vegne av laget. Ordførar Haldor Ødegård delar ut.