Julestemning på Aktiv Laurdags juleverkstad!

Det var eit godt oppmøte i Kulturkaféen på laurdag når Vestre Slidre Husflidslag, Folkeakademiet og Sanitetsforeningen gjekk saman om juleverkstad i Slidre.

Juletrepynt, julekrans og julekort var noko av det som vart laga av både små og store. Julegraut, saft, boller, kaffi, kake og te gav ein ekstra hyggje nå i førjulstida. 

 

I biblioteket vart det laga juletre av bøker, i dansesalen vart det yoga, spinning i Trimrommet og symjing i bassenget. BUA heldt også ope hvor ein kunne låna ski, akebrett og anna vinterutstyr. 

 

Riktig god jul!