Kong Harald var ein samlande bauta for landet vårt gjennom ei årrekke. Med sitt varme engasjement, sin klokskap og sin djupe omsorg for det norske folk, sto han som eit fast haldepunkt i både nære og krevjande tider. Han gjekk føre med verditypisk folkelegheit og humor, og han vil bli særleg sakna av oss alle.
På vegner av Vestre Slidre kommune og innbyggjarane her, lyser eg ut ei varm takk for Kong Harald si lange og tru teneste for Noreg. Våre varmaste tankar og djupaste medkjensle går til Dronning Sonja, Kronprinsen, den kongelege familien og deira nære.
Vestre Slidre vil flagge på halv stong på Slidretun fram til begravelsen. Kondolanseprotokoll blir lagt ut på servicetorget på Slidretun måndag fyrstkommande.
Dersom nokon ynskjer å legge ned blomster ynskjer kommunen at flaggstonga ved Slidretun blir nytta. Ver vennleg og ikkje sett ut lys eller plast som kan kome på avvege.
Fred over Kong Harald sitt minne.
Haldor Ødegård-ordførar
Frå boka Eventyrlige Dager, Kongeparets besøk i Valdres 2010, fra besøket i Nord- Aurdal.
Ole Jørgen Liodden