Konsert med Elin Furubotn - resirkulerte rim og regler

Tid: 24. september kl. 13:00 

Stad: Plassen

Elin Furubotn er ein av dei fremste låtskrivarane i landet innan visejazz og singer-songwriter-tradisjonen. Fleire av songane hennar vert spela jamleg på radio, og ei av dei mest kjende låtane hennar er «Så lett det kan ver» med Morten Abel og Stavanger Symfoniorkester.

Furubotn har gitt ut ni album, og det førre – «Resirkulerte Rim og Regler» – kom ut i 2022. Dette albumet inneheld rim og regler ho lærte av mormora si, som Elin sette nye melodiar til. Ein kulturskatt og kulturarv som går tilbake til 1700- og 1800-talet.

Elin skriv oftast om kvardagslege tema, om små og store ting, og tekstane hennar er lett gjenkjennelege for folk flest. Ho har eit sjarmerande skråblikk på kvardagen, med ein god dose humor eller undring. Elin meiner at det kan liggje mykje visdom og klokskap i gamle rim og regler, som vi kan bruke som fine metaforar.

Elin Furubotn har gitt ut musikk internasjonalt og turnert i Tyskland med dei norske tekstane sine. Ho fekk Indie Acoustic Award-prisen i USA for albumet Heilt Nye Vei (2013), og vart nominert til same prisen for det siste albumet sitt, Resirkulerte Rim og Regler.

 

Konsert Elin Furubotn - Klikk for stort bileteKonsert Elin Furubotn