· Fosheim (bruk 70/1)
· Fosheim Sæter (bruk 70/2)
· Fosheim Elekrisitetsverk (bruk 70/13)
· Fosheim Mølle (bruk 70/45)»
Vedtaket er i samsvar med grunneigarane sine ynskje.
§ 5 tredje ledd i stadnamnlova gjev grunneigarane rett til å fastsetje skrivemåten av eige bruksnamn dersom dei kan dokumentere at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Det er Kartverket som formelt vedtek skrivemåten.
Lovregelen gjeld berre bruksnamn, ikkje gardsnamn, naturnamn eller andre stadnamn.
Klage på eigarfastsett skrivemåte av bruksnamnet etter § 5 tredje og fjerde ledd i lova kan berre gjelde dokumentasjonen som eigaren har lagt fram for Kartverket, eller feil ved sakshandsaminga. Jf. Forskrift om stadnamn § 10 fjerde ledd. Klagefristen er tre veker frå 14.01.2026. Ei evt. klage skal sendast til Kartverket med kopi til grunneigar og kommunen.
Klaga skal grunngjevast.