Lavalamper og akedag

Barnehagane i Vestre Slidre har mange ulike aktiviteter både inne og ute. Her kan du lese om vekas fredagseksperiment i Slidre barnehage og ski og akedagen i Røn naturbarnehage. 

Avdeling Spretten i Slidre har hatt fredagseksperiment etter ynskje frå barna. Denne gongen laga dei «lavalamper». Dei blanda olje med vatn, konditorfarge og brusetablett. Sollyset kom inn i rommet og traff kolba. Det gav kule fargeeffekter!

Røn naturbarnehage hadde ski og akedag før vinterferien. Sol, mykje god og mjuk snø, musikk, artige aktiviteter, "fellesstart" og premieutdeling med medaljer til alle etter fantastisk innsats. Dagen vart super!