Måling av radon

Valdres er eit område med høg risiko for førekomst av radon. Det er ikkje mogleg å seie noko om mengde radon i ein bustad utan at det gjerast ei måling fyrst. Radonkonsentrasjonen kan endrast over tid som følge av setningsskader, ombygging, endring av ventilasjonsforhold, eller etter grave/sprengingsarbeid i nærområdet.

Vi anbefaler difor alle som har ein bustad å måle radon. Er du en del på hytta kan det være lurt å gjere ei måling der også. Sesongen for å måle radon er frå midten av oktober til midten av april. Du bør måle i minst to månader i denne perioden.

Vi tilbyr i samarbeid med Eurofins Radonlab radonmålingar til gunstig pris. Pris per sporfilm kr. 190,- inkl. mva. Frakt kjem i tillegg. Bestill på http://radonlab.com/hallingdal&valdres.

Les meir om radon på nettsida vår; Måling av radon - Miljøretta Helsevern Hallingdal&Valdres
 

Mvh

Line Aasli Moen
MHV-rådgiver

miljøretta helsevern logo - Klikk for stort biletemiljøretta helsevern logo Ill.