Melde flytting til hytta?

Her får du informasjon om saksgangen i kommunen og litt av kva du bør ha tenkt over før du søker om bruksendring frå hytte til fast bustad.

Når kommunen gir løyve til bruksendring frå hytte til bustad pådreg også kommunen seg forpliktelsar som vi må vere trygge på at vi kan ivareta. Det mest relevante er heimehjelp og skuleskyss, samt generell sikkerhet. Difor må aktuelle hytter ha nokon lunde sentral beliggenheit og god og vinterbrøyta vegtilkomst. Vi har definert området søraust for Haugrudvegen til og med Vaset som sentralt i denne samanhengen. Vegtilkomsten må ikkje vere for bratt (ikkje over ca 1/8) og vi set krav om at det må vere innlagt straum, vatn og avløp. 

Om dette er ivareteke gir vi vanlegvis tidsavgrensa dispensasjon frå krava i teknisk forskrift og frå arealplanføremålet fritidsbustad til bustad. I tvilstilfelle, utanom området vi har definert som "sentralt", ved bratt tilkomstveg eller dårleg standard på bygg eller infrastruktur, blir saka fremja for formannskapet. Saksbehandlingsgebyret i 2023 for delegerte saker er kr. 6.656,- og for politiske saker kr. 13.313,-.

Eit vedtak om tidsavgrensa bruksendring og dispensasjon frå arealplan gir forpliktelsar for deg som søkar. Vestre Slidre kommune har såkalla nullkonsesjon, som betyr at så lenge føremålet i arealplan er bustad, må nokon ha fast bustadadresse der. Vedkomande som har bustadadresse der skal ha fleire overnattingar der enn i annen bupæl, jf. td. denne artikkelen frå skatteetaten. Jf. også artikkel frå statsforvaltaren i Innlandet og vegleiar frå NVE.

Vi ser at mange vurderer flytting ut frå økonomiske årsaker, dvs. straumstøtte. Motivet er irrelevant for vår saksbehandling, men vi oppmodar om at ein har sett seg inn i eventuelle skattemessige konsekvensar før ein søker, jf. td. artikkelen frå skatteetaten som det er linka til ovanfor. Merk at dersom du har vore busett på hytta sidan før 18. januar 2023, har du krav på straumstøtte sjøl om det ikkje foreligg vedtak om dispensasjon og bruksendring, jf. denne forskrifta.

Ved ei bruksendring må det aktuelle bygget bli koda om frå fritidsbustad til bustad i matrikkelen. Dette gir følger for kommunale gebyr. Eigedomsskatten og vatn- og avløpsgebyr vil bli noko lågare medan renovasjonsavgift og feiegebyr blir høgare. Skilnadane er ikkje store og vil som regel i sum gi noko mindre samla gebyr og skattar til kommunen. 

Vi har ingen formalkrav til ein søknad med skjema, nabovarsling osb.  Send oss ein e-post eller brev der du oppgir adressepunkt eller gards- og bruksnummer, ei kort skildring over standarden på hytta og tilkomstvegen og kor lenge du ynskjer mellombels dispensasjon.