Nytt torg og støls-inspirert leikeplass - Vestre Slidre kommune

Nytt torg og støls-inspirert leikeplass

Hausten 2026 blir det byggjeaktivitet utanfor kulturhuset i Slidre, for uteområda skal fornyast med eit triveleg torg! Det nye torget er eit av tiltaka i sentrumsprosjektet «Eldvegen».

Dette kjem på det nye torget:

  • Utvida terrasse utanfor kulturkafeen
  • Plassbygde benker på terrassen
  • Ny utandørs belysning skaper god stemning året rundt
  • Ein liten leikeplass inspirert av eit tradisjonelt stølstun

Framdrift og anleggsperiode

Grunnarbeidet startar rett etter sumaren. Det nye torget skal stå klart til innviing i løpet av hausten/vinteren 2026.

Trafikk og parkering

I planen for området utanfor kulturhuset er det lagt inn ei utviding av parkeringsplassen. Denne delen av uteområdet blir gjennomført seinare. Parkeringsplassane i Slidre er ofte fulle, for det er mykje aktivitet i sentrum både på kveldstid og i helgar. Utanom arbeidstid oppmodar me folk til å bruke parkeringsplassane rundt kommunehuset og bak skulen.
Oppgraderinga av torget vil gje ein meir oversiktleg trafikksituasjon utanfor kulturhuset for både bilar og folk.
 

Illustrasjon av uteområdet ved kulturhuset - Klikk for stort bilete "Eldvegen"-prosjektet / VSK

 

Illustrasjonsplan "Eldvegen" - Klikk for stort bilete "Eldvegen"-prosjektet /VSK