Nyttårsvandring til Kvithøvd frå Volbu

Valdres 1000 år - Nyttårsvandring til Kvithøvd

1. januar 2023 startar markeringa av Valdres 1000 år med ei nyttårsvandring opp til Kvithøvd. Høgaste punkt på åsen mellom Vestre og Øystre Slidre.

På Kvithøvd ved varslingsvarden blir det overrekking av Olavsflammen som kjem til Valdres frå Stiklestad Nasjonale Kultursenter den 21. desember. Flammen er tent for fred, fellesskap og fornying og den skal etter kvart fraktast til Valdres folkemuseum og brenne der heile året.

Vandringa går frå begge sider av åsen.
Start frå Slidrestølane kl. 11.00 under leiing av sokneprest Trygve Rø
Start frå Jærostølen øvst i Volbu kl. 11.00 under leiing av prost Carl Philip Weisser

Parkering er avtalt hjå Kjell Skattebo.

Ta med matpakke og varm drikke.

Gode vintersko og vintertøy, og varme klede i sekken, samt sitteunderlag.

Vel møtt til ein sprek oppstart av eit spennande jubileumsår!

Hentet frå www.valdres.no