17 mai er dagen då vi står saman under det norske flagget – stolte av landet vårt, historia vår og alt vi får til her heime i Vestre Slidre, kvar og ein og i lag som samfunn. 17. mai feirar vi fridom, fellesskap og framtidstru.
Vi bur midt i ein flott natur – frå fjorden til stølane, frå frodige dalar til vide vidder. Denne naturen er ikkje berre vakker, han bind oss saman. Her finn vi stilla, kreftene og gleda som gjer oss heimekjende kvar einaste dag, samstundes som han gjev moglegheiter for utvikling.
Det skjer mykje bra i bygda vår. Ungane syng og spelar i kulturskulen, næringslivet står på, og frivilligheita blomstrar. Vi ser eit lokalsamfunn som tek ansvar, som løftar kvarandre og som får ting til å skje – heilt frå grendene til kommunesenteret i Slidre.
Eg vil på ein dag som dette, i feiringa av demokratiet og grunnlova, også oppmode dykk og minne dykk på kor viktig det er at de tek på dykk rollene som ombodsmenn og ombodskvinner når vi no snart skal sy saman nye lister til kommunevalet. Vi treng ein flora av meiningar og partigrupper for å framleis skape utvikling og halde fast i det viktige demokratiet..
Lat oss i dag minnast kor privilegerte vi er som får leve i fred og fridom, men også kor viktig det er å ta vare på kvarandre, på naturen og på bygda vi er så glade i. Gratulerer med 17. mai! I dag feirar vi fridom, fellesskap og framtidstru.
Med ønskje om ein strålande nasjonaldag – Haldor Ødegård, ordførar i Vestre Slidre
Yngve Ask