Øvelse Birkebeiner 2025 -dette skjer i Vestre Slidre
Tysdag 11.11.25, Mellom kl. 8:00 og 14:00 vil det vere auka aktivitet i og rundt Slidre sentrum. Det vil vere utrykkingskøyretøy, personale frå naudetatane, soldatar frå heimevernet og andre som er med på øvinga.
Det vil vere stor aktivitet i kommunehuset denne dagen. Om du planlegge å besøke eller kontakte tilsette, bør det avtalast, sidan dei kan være opptatte i forbindelse med øvinga. Legekontoret er og stengt for anna enn akutt hjelp denne dagen.
Bereddskapsøvinga i Vestre Slidre er ein del av Øvelse Birkebeiner som går føre seg i Innlandet mellom 10. og 14. november 2025. Øvelse Birkebeiner 2025 kan du lese meir om her (PDF, 123 kB)
Sist endra 07.11.2025 12.29