På pub’n i Slidre

«Før ein flott plass»

Det strauma til med fleire og fleire gjester då dørane opna for den første pubquizen i nye Kulturkaféen. Grendalaget stod for arrangement, innkjøp, musikk, glade bartendere og quiz. Heile 10 lag deltok på quiz og fleire gjester kom utover kvelden. «Det var nok totalt 50 personar her, sjølv om dette vart lite marknadsført», forteller Ola Ellef Bang som sit i arrangementskomitéen. «Mø ante ikkje om det kom til å kome 0, 10 eller 50, så det å få fult hus var ekstra moro».

 Skravling og latter fylte lokalet raskt. Laga «Indre Røn» og «Team Leirhol» utmerka seg med god stemning, og som dei unge lovande. Laget «Det kunne vøre værre» klarte seg akkurat som navnet la opp til - midt på treet. «Dei pretensiøse» var nok mest skuffa over tredjeplassen og meinte spørsmåla baserte seg litt for mykje på gjetning. Heilt usamde i dette var selvfølgelig «Team Barnehagen» og «Langbordet» som dro i land ein delt førsteplass og kunne få gleda av å dele ein twistpose i premie. Av ein eller anna grunn havna det og ein twistpose på bordet til «Indre Røn», så dei følte at dei totalt sett kom sigrande ut av kvelden.   

«Mø treng ein plass der må kan møte inan»

«Det er viktig at vi lager slike happenings som dette, der alle kan komme innom. Ein må ikkje delta på quiz sjølv om ein kjem tidleg, det er bra. Eg trur at, når folk får sett Kulturkaféen og høyrt kor moro det er her, så vil det bli kø neste gong», seier Silje Myrvold på Team Barnehagen. 

Som kommunestyrerepresentant, var Einar svært nøgd med møteplassen: "pengad'n vart brukt rettigt".

«Meir tå detta»

«Detta bør vere fast fleire gonger i året," meiner mange av gjestane, som gler seg til neste gong. Festen varte til midnatt og det var ein glad lokal gjeng som køyrde, gjekk eller fekk skyss heim. 

 

 Tekst og bilete: Heidi Bragerhaug.