Påskebesøk i prestegarden

Siste dagen før påskeferien var Slidre barnehage invitert på påskebesøk til Prestegarden. Der fekk vi mellom anna vere med på å tenne lys, pynte påsketreet, høyre om påskefortellinga, delta på eggeløp - og ikkje minst jakte på det store påskeegget! Det var ein glad og fornøgd gjeng som gjekk opp att til barnehagen etterpå, og vi takkar Berit Kristin og dei andre på kyrkjekontoret for eit flott opplegg. God påske til alle!