Pilegrimsvandring på sporet etter Heilag Olav 26-29 august.

Med Slidredomen og Olsok feiring som mål gjekk 17/18 pilegrimar frå aust til vest i Valdres.

Dei vart godt passa på av Jan Arne Sebuødegård i følgjebilen. Delvis langs Frugevegen, delvis der det var farbart. Slik gjorde dei gamle pilegrimane og. Vi gjekk i historiske spor frå Tangen i Etnedal.  Jan Arne utstyrte oss alle med stavar for vandringa.

Dag 1

Oppe på Goaren kunne vi sjå attende til Nysetstølen der ein tingstein er funnen. Vandringa gjekk om Kyrkjestølen der Nord Etnedal sokneråd tok imot oss med majel, frukt, bollar og kaffi. Etter segna skal det ha stått ei kyrkje på kyrkjesletta som Olav hjalp til og fekk flytt til Skrautvål. Følgjet vart velsigna og send vidare derfrå ved for høve pilegrimsprest Eli Vatn og trusopplærar Helena Wright som ga tonefølge på fele og strykelyre.

Lov og rett i form at lover og domstolar/tingsteinar er ein viktig arv frå Olav. Då vi kom til første overnatting på Nythun fortalde jurist og deltakar Baard Johannes Kvidaland om kristenretten og kva den har hatt å seie for folks rettar. Firerettars middag der lot oss kjenne oss litt kongelege. Gunvor Hegge og Solveig Vatn Weisser sulla oss så vakkert til ro med langeleikane sine.

Utsikt - Klikk for stort bileteKlokkargårsdberget Eli Vatn

Dag 2

Dag to gjekk via Olavs kjelda til Mellsenn. Ved Olavs kjelda var vi med om Olivia sin dåp Vi fekk høyre segna om Olavs flytting av kyrkja frå Dalen til Skrautvål og Olav som fekk kjelda til å flomme. På vegen vart vi og gjort merksame på Krokyrkja og andre teikn på at munkar har kome denne vegen. Vi skjøna at Olav har vore viktig og i folketradisjonen. Dag to var på alle måtar i vatnets teikn. Det var over oss og under oss. Men lukkelege var vi då vi kunne sette opp telta våre i opphaldsvær ved Mellsenn, maten var varm og rikeleg, bragt oss av Jan Arne frå fengselet i Vestre. Knut Ove Hennum som hadde losa oss fram til Melsenn måtte forlate oss for å vera budeie i Vang. Stemninga var magisk ved kveldssete ved Melsenn. Gunvor baud på langeleik og Gunnar Eikren på historier får stølen. Nokre lykkeleg vandrarar fekk bu på hytta hos Signe Moen.

Dag 3

Tredje dag gjekk ned til Selskapsvegen og skiferbruddet, spanande historier om de fyste Rogne gardane var formidla av Ivar Høine mens vi naut Jan Arne og Kari Borgny Fjelltun si tilkjørte frukt, og fantastisk utsikt over Øystre Slidre bygdene og fjella i Nordvest. Vel framme i prestegarden i Volbu hadde vi lenge hatt solskinet med oss og der venta oss det vandrarar har aller mest bruk for; ein stol å kvile i og leskande drikke. Etter kvart vart det eit fantastisk aure måltid og utsikt utover Volbufjorden å nyte. Kveldsbøn i Volbu kyrkja med Jan Arne trufast ved klokka, Solveig og Gunvor ved langeleiken og prost Carl Philip Weisser med ord og gitar. Så fylte vi prestegardsromma med dei som fekk plass, nokre lokale fann att sine eigne senger og Marit Hegde huste resten.

Gruppebilde over deltakere på pilgrimsvandring - Klikk for stort biletePå Vandring Eli Vatn

Dag 4

Siste dag møttest vi tidleg til frukost i prestegarden, vart køyrte dei verste bakkane oppover og naut sjarmøretappen ned til Slidre domen. Frå Kyrkjegardsberget naut vi storslått utsikt og Gerd Nanti Vika Helle fortalte segna om Olberg.

Vel nede i Slidre fekk vi drikke, var plasserte fint i prosesjon, tok imot storstilt underhaldning både før og etter messa. Høgtideleg var det å gå inn til «No stig vår song» og legge vandrarstavane frå oss ved altaret i Slidredomen. Både biskop Ole Kristian Bonden og ordførarane og dei prominente gjester elles understreka mangfaldet i tradisjonen etter Heilag Olav, kva kyrkja og kristendomen betyr for landet vårt, og kor viktig det er å ta med seg det beste av verdiane når vi no skal ta landet vårt inn i framtida.

Eli Vatn