Registrering av mogleg algevekst i Rensenn - Vestre Slidre kommune

Registrering av mogleg algevekst i Rensenn

Det vart nyleg sendt inn ei registrering av mogleg algevekst i Rensenn gjennom NIVA sitt folkeforskningsprosjekt Bloomin' Algae.

NIVA har i etterkant vurdert registreringa og klassifisert henne som ukorrekt, noko som betyr at observasjonen ikkje er vurdert til å vere ei blågrønnalgeoppblomstring.

Varme periodar og stille vêr kan likevel føre til auka algevekst i vatn, noko som er naturleg i sommarmånadene.

Vestre Slidre kommune er kjend med observasjonen og følgjer situasjonen, men det er per no ikkje grunnlag for særskilde tiltak.

Kartet viser området der observasjonen er registrert.

Meir informasjon

Les meir om registrerte observasjonar hos NIVA:

https://www.niva.no/tema/folkeforskning/bloomin-algae      

   

Observasjonen er registrert gjennom NIVA sitt folkeforskningsprosjekt Bloomin' Algae.