Mange ulykker og nestenulykker skjer på parkeringsplassar når bilar skal rygge ut. Særleg er små barn utsette fordi dei kan vere vanskelege å sjå frå førarplassen.
Ved å rygge inn på parkeringsplassen når du kjem, kan du køyre framover når du skal ut att. Dette gir betre oversikt og reduserer risikoen for ulykker.
Vi oppmodar alle tilsette, innbyggjarar og besøkande om å:
- Rygge inn når du parkerer.
- Køyre framover ut frå parkeringsplassen.
- Vere ekstra merksam på barn og mjuke trafikantar.
- Bidra til ein tryggare trafikkultur i kvardagen.
Små vanar kan gjere ein stor forskjell. Ved å velje å ryggje inn og køyre ut, er du med på å skape eit tryggare trafikkmiljø for alle.
Vestre Slidre kommune og Trygg Trafikk sin bodskap er enkel: Rygg inn – køyr ut!
