Samarbeid om beredskap - Vestre Slidre sanitetsforening

Vestre Slidre kommune og Vestre Slidre sanitetsforening har eit samarbeid knytt til beredskap. Vestre Slidre sanitetsforening er m.a. deltakar i ordføraren sitt beredskapsråd. Sanitetsforeninga og kommunen har no signert ei samarbeidsavtale om korleis sanitetsforeninga skal bidra ved store ulykker, kriser og katastrofer. 

Kommunen set stor pris på å ha ei sanitetsforening med høgt engasjement og eit ynskje om å bidra når det er naudsynt. Samarbeidsavtala er et døme på dette. Sanitetsforeninga har gjennom avtala beskreve korleis dei kan bistå med forpleining, responstid og omfang på ressursar som blir gjort tilgjengeleg ved ei krise eller anna større hending. 

Skulle vi bli utset for ei større hending er det viktig at vi kan ha ressursar å spele på. Sanitetsforeninga syner gjennom sitt bidrag i samarbeidsavtala at dei har ressursar og at dei vil bidra. Ordføraren takkar for samarbeidet med sanitetsforeninga på vegne av kommunen og seier at bidraget frå sanitetsforeninga gjer beredskapsarbeidet meir robust og aukar evna til å halde ut i ein eventuell situasjon, også om den skulle vare over tid.