Skiløyper

Takk til deg som betalte løypebidrag førre skisesong. Skiløypene i Vestre Slidre er ein ressurs for oss alle - for selve kommunen, for næringsdrivande, for fastbuande og for besøkande. Driften av løypelagene er basert på dugnad. Vi er glade for at det er mange i området vårt som er flinke til å bidra. Det er vi heilt avhengige av for å kunne oppretthalde løypetilbudet.

I år blir det ikkje sendt ut giro til alle frå kommunen. Logg deg difor på nettbanken eller Vipps og bruk betalingsinformasjonen nedanfor.

Vi er inne i den beste tida av vinteren og endeleg har det begynt å komme litt meir snø i området vårt. Det ser ut til at det blir mange moglegheiterfor skiturer i det flotte løypenettet denne vinterferien.

Det har vore ein snøfattig vinter så langt, men kostnadene til løypelaga løper likevel. Garasjeleige, renter på lån og vedlikehaldskostnader går sin gang. Samtidig er behovet for ytterligare forbetringar av utstyr og løypetrasear til stades framover, for å forberede oss på at det kan komme fleire snøfattige vintre i åra som kjem.

Vi håpar mange vil bidra til løypelaget, også i år. Løypelaga i Valdres anbefalar eit årsbidrag på 1.300 kroner, men er takksame for alle små og store bidrag.

Slik betalar du:

Bestem deg for hvilket beløp du vil bidra med og hvilket/hvilke løypelag du vil støtte. Betal i nettbank, mobilbank eller på Vipps, helst innan 1. mars 2022.

Vasetløypene

Konto: 1503 21 87916, Vipps: 10598

Vestfjelløypene

Konto: 2153 09 00239, Vipps: 85100

Takk for ditt bidrag, og god skitur!