Ynskjer du å stille ut?
Slidremarknaden viser stort og smått frå Vestre Slidre i form av ulike sals-, utstillings- og bruktboder. Vi legger opp til at det skal seljast både noko og bite i og god drikke, og mykje, mykje meir.
Slidremarknad vil bli arrangert i området rundt Slidretun, midt i Slidre sentrum. Vi ynskjer å hylle alle som driftar og driv i Vestre Slidre og områda rundt, med unik oppleving som skil seg ut frå andre marknadar her i Valdres. Som difor ikkje skapar konkurranse, men eit nytteverdig og spennande tilskot til Vestre Slidre kommune og nærliggande kommunar rundt.
Vi har eit stort område, så berre sei i frå om de treng ekstra plass, parkering eller ynskjer å ha baklukesalg. Vi håpar på sjå mange kjende fjes, og kanskje også få helse på nokre nye?
Har du spørsmål?
Vidar Jernæs Strand
Tlf. 99457827
e-post: Vidar.jernes.strand@vestre-slidre.kommune.no
Terje Kjøs
Tlf. 95215885
Slidremarnadsfest
Bli med å feire bygda vår og våre lokale bedrifter og leverandørar under Slidremarknadsfest!
Slik som i fjor, stenger vi på kvelden av området under teltduken og byr opp til fest med musikk, dans, mat og drikke.
Vi håpar at de tek turen innom både på dagen og kvelden i lag med både venner og kjende.
