Slidremarknaden 2025!

Slik som i fjor, blir Slidremarknad arrangert i området rundt Slidretun, midt i Slidre sentrum. Det kom veldig mykje flotte tilbakemeldinger om alle dei fine bodane de stilte opp med i fjor, og vi håper de vil kome att i år. 

Vi ynskjer å hylle alle som driftar og driv i Vestre Slidre og områda rundt, med unik oppleving som skil seg ut frå andre marknadar her i Valdres. Som difor ikkje skapar konkurranse, men eit nytteverdig og spennande tilskot til Vestre Slidre kommune og nærliggande kommunar rundt.

Slidremarknaden viser stort og smått frå Vestre Slidre i form av ulike sals-, utstillings- og bruktbodar. I fjor deltok 44 utstillarar og det var mange besøkande gjennom heile dagen. Det var ein vellykka dag for både store og små, der ein fekk kjøpt seg varm mat og drikke, kaker av mange ulike sortar, frukt, ost og bær, saueskinn, heimstrikk, keramikk og mykje, mykje meir.

 

Meld dykk på, enten de ynskjer å selje, vise fram eller promotere!

Meld dykk på her:   https://forms.cloud.microsoft/e/46u3UiaeTE

eller ta kontakt med oss på mail/telefon.

 

e-post: 

 

Telefon sentralbord: 

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Sjå vedlegg for meir informasjon, og gjerne sprei bodskapet til alle du kjenner.

 

VELKOMMEN!

 

Med vennleg helsing 

Julia og Terje