Sorgstøttekurs i Valdres 2025

Frå etterlatt til etterlevande er eit sorgkurs for dei som har mista nokon dei er glad i. Målet er å gje støtte og verktøy for å utvikle ei djupare forståing av sorg, handtere sorgreaksjonar og finne ein meiningsfull måte å takle den nye livssituasjonen på.

Målgruppa for kurset er etterlatte over 18 år som har opplevd tap av ein nærståande, og som treng veiledning og støtte for å kome vidare i sorgarbeidet. Kurset inneheld filmar der fagpersonar innan sorg og sorgbearbeiding deler av sin kunnskap og erfaring. I Valdres er kurset i regi av kommunehelsetenesta og kyrkja, livssynsnøytralt.

Tid og stad

Kyrkjekontoret Fagernes, i alt 5 påfølgande torsdager kl. 18:00 - 20:00:

  • 30. oktober
  • 06. november
  • 13. november
  • 20. november
  • 27. november

Gruppa vil ha plass til 8 deltakarar, og fyllast opp fortløpande. Kurset er gratis.

Meir informasjon om kurset (kreftforeningen.no)

Kontakt

Hege Birketvedt Eklund - Tlf. 926 65 149