Spennande fysikktime på biblioteket!

I samband med realfagssatsinga i Vestre Slidre var nærare 50 barnehagebarn og småskuleelevar samla på biblioteket denne veka for å vere med på ein spennande fysikktime med Anja Røyne. Anja er kjend frå radioprogrammet «Babels Tårn» på P2, og i 2018 fekk ho Brageprisen for boka «Menneskets grunnstoffer».

 I løpet av denne framsyninga fekk barna delta på artige eksperiment som demonstrerer fysikkens lovar på litt uventa og underhaldande måtar, t.d. gjennom lufttrykk, rørsle og straum. Det var ein aktiv og engasjert gjeng som fekk vere med på eit bibliotekbesøk litt utanom det vanlege denne dagen.