Status frå ordførar i samband med det heftige uværet

Eit heftig uvær traff oss på fredag. Krafta i uveret er svært sjeldan i kommunen vår, og dei siste døgna har for mange vore travle og strevsame. Det å være straumlaus, vasslaus, ikkje ha kontakt med omverda slik vi er vande med via telefon og internett, er ein vanskeleg situasjon å stå i over tid. Vegar har tidvis vore uframkommelege.

Mange har stått på for å få helsetenestene til å gå, få systema oppe å gå att, sikre at vatn blir levert og avløp fungera. Vegar har vorte rydda og ikkje minst vårt lokale nettselskap Griug har stått på dag og natt. Det er i slike situasjonar ein ser nytta av å ha nærleik og lokalkunnskap i slike tenester. Ei stor takk til alle som har bidrege. Det er på tur til å rette seg no. Framleis er det nokre som er straumlause i kommunen. Kommunen har vore i kontakt med dei fleste av desse, og det står stort sett bra til. Det er forståeleg at det no på tredje døgnet begynner å tære på. Det er gode håp om at straumen er på plass att for dei aller fleste i morgon.

Kommunen sin kriseleiing har vore i jamleg kontakt desse dagane. Noko av utfordringa for kriseleiinga har vore kommunikasjon når nettet har vore nede. Vestre Slidre kommune har mykje å lære av ei slik hending, og vi vil evaluere i etterkant kva som har fungert og kva som ikkje har fungert. Nok ein gong takk til alle som står på for å få samfunnet på føtene att.

Med vennleg helsing ordførar