Statusoppdatering frå Vestre Slidre kommune ved Ordførar

I samband med det pågåande uvêret etablerte Vestre Slidre kommune kriseleiing, kl 16 på måndag. Vi fekk etterkvart bra oversikt over situasjonen og det var relativt få hendingar fram til midnatt i går.
Tidleg på morgonen i dag kom det melding om fleire hendingar i løpet av natta. Vestre Slidre kommune har hatt eigne og innleigd mannskap i sving gjennom natta og det har vore stadig hendingar å ta tak i utover dagen i dag. På Vaset har det vore dykkarar i sving i dag for å tette overløpsrøyr, det har vore jordskred, tette stikkrenner, overvatn og vatn på avvegar på så vel kommunal som riks og fylkesveg, samt private vegar. Vi har framleis etablert kriseleiing utover kvelden og natta. Følg med på kommunens heimeside for oppdatering og informasjon. Ta kontakt med naudetatane eller kommunen dersom du er i ein situasjon du ikkje rår med sjølv.

Det har heldigvis ikkje vore personskade og fare for liv og helse så langt, det er mest materielle skader. Mange er i sving for å forebygge og reparere skader. Ein stor takk til alle som bidreg på alle nivå. Ta ansvar for deg og ditt og hjelp gjerne naboen dersom du har tid, alle bidrag er kjærkomne i slike situasjonar. Det ser ut som regnet vil avta noko utover kvelden, men jordsmonnet er så metta at sjølv små mengder regn kan skape ytterlegare situasjonar.

Haldor Ødegård, Ordførar