Stønad til utgifter til straum for frivillige organisasjonar.

Fredag 4. februar 2022 la regjeringen fram Prop. 58§ for Stortinget med framlegg om å gje 250 millionar kroner til ei midlertidig tilskotsordning for frivillige organisasjonar grunna ekstraordinære straumprisar. Vestre Slidre kommune har fått kr 144 115 til fordeling.

Tilskotet skal gå til frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret. Det er òg mogeleg for eit driftsselskap av eit idrettsanlegg å søkja på ordninga, om selskapet er eigd av ein eller fleire frivillige organisasjonar.  Hovudsaka er at frivillige organisasjonar som har straumkostnader får tilskot, uavhengig av driftsform på verksemda som har straumavtalen.  Kommunen kan også vurdera om andre verksemder med vesentleg innslag av frivillig innsats som til dømes grendahus organiserte som samvirke, kan søkja.

Fakta:

Frivillige organisasjonar som har organisasjonsnummer kan søke.
I enkelte tilfelle kan for eksempel eit idrettslag som har registrert eit aksjeselskap for å drifte sitt anlegg få stønad.

Kommunar, kommersielle verksemder eller private heimar kan ikkje få stønad.
Ordninga gjeld for perioden desember 2021 til mars 2022.

Dette må vi ha:

-Namn på organisasjon
-Organisasjonsnummer
-Kontaktinformasjon
-Kontonummer
-KWt forbruk desember og januar, vi stipulerer forbruk for februar og mars
-Kommentar
-Straum eller fjernvarmerekning for desember og januar som vedlegg

Fristen for å søkje er 25.mars, søke på mail Vskpost@vestre-slidre.kommune.no