Stort oppmøte på Temamøte om beiting i Vestre Slidre kommune.

Nær 50 interesserte fann vegen til kommunestyresalen på Slidretun mandag 27. mars på kvelden.

Bakgrunnen for kommunen sin invitasjon til møtet, var at kommunen skal rullere beitebruksplanen.  I samband med dette, vart alle med beitedyr i kommunen inviterte til dette temamøtet.

*Etter at ordføraren hadde ønskt velkomen, gjekk Anne Marie Mørstad frå kommunen gjennom Nibio si kartlegging av beite i kommunen. Det kom innspel frå enkelt-brukarar om å få kartlagt områder utanfor statsallmenningen. Det vil kommunen ta med vidare til Statsforvaltning og NIBIO for vurdering.

Vidare vart det orientert om rullering av beitebruksplanen. Dette er eit arbeid der det er sterkt ynskjeleg med aktive beitelag som kan være med i planarbeidet, slik at resultatet blir best mogeleg for dei som skal drive beite.

Det er ein god del stønadsordningar knytt til beitebruk, som kommunen kan søkje på vegne av dei som driv beiting. Kommunen orienterte om dette og at ein i samband med dette saknar meir aktive beitelag.

Fjellstyret, ved Lars Kvissel hadde eit innlegg i møtet og sa m.a. at Fjellstyret helsar aktiv beitebruk velkomen. Og at Fjellstyret vil være positive til tiltak som  legg til rette for beitebruk.

Erik Kolbjørnshus orienterte om organisering av beitebruk i Øystre Slidre.

Etter eit ordskifte, ba møtet kommunen om å kalle inn, etter ein modell frå Øystre Slidre,  til eit møte med arbeidsnamnet « Beiteutval». Her skal leiarane i beitelaga i kommunen, samt faglaga, -Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget, Sau og Geit, Fjellstyret, samt Tine og produsenttenesta bli inviterte til eit felles møte. Målet er å sjå på korleis ein kan organisere beitebrukarane på best mogeleg vis framover, slik at beitebrukarane sine interesser blir godt ivaretekne ved felles representasjon og for å sikre at dei stønadene som finnes kan søkjast om og bli nytta der det er behov.

Det vart frå dei frammøte peikt på at aktive beitelag som er godt organisert, utanom det å søke midler til beitebruk, kan være ein meir tydeleg høyringsinstans i kommunanlt planarbeid, til dømes i samband med reguleringsplaner knytt til hyttetomter, og andre tilhøve der det trengs at beitebrukarane kan ha ei sterkare og meir samla stemme. Men og at det kan styrke samhald og samarbeid mellom dei som har beitedyr.