Stortingsval og sametingsval 2025

Valresultat: 

https://www.valgresultat.no/valg/2025/st/oppland/vestre%20slidre#partyDistribution

Møtebok:

Valprotokoll Vestre Slidre kommune 2025.pdf (PDF, 98 kB)

 

 

 

Val sundag 7.september og måndag 8. september.

I statsråd vart valdagen for stortingsvalet og sametingsvalet fastsett til måndag 8. september 2025.

Kommunestyret i Vestre Slidre vedtok i sak 009/25 06.02.2025 ope ekstra valdag sundag 7.september. 

 

Vallokalet er ope valdagane:

Sundag 7.september kl. 13.00-20.00

Måndag 8.september kl. 10.00-18.00

Stad; Gymsalen i kulturhuset, inngang frå nordsida. Sjå skilting.

Manntal

Manntalet er ei liste over alle personer som har stemmerett ved val i Norge. Det er folkeregisteret som blir lagt til grunn for manntalet. Kvar du er manntalsført og har stemmerett, er difor avhengig av i kva for kommune du er folkeregistrert som busett per 30.juni kvart valår. Dersom du registrerer flytting til ein anna kommune etter 30.juni i valåret, har du stemmerett i din gamle bustadskommune.

Korleis kan eg sjekke om eg er manntalsført, og i kva for kommune?

Alle kommunar i Norge er pålagde å skrive ut ei sokalla utleggingsmanntal. Dette er eit manntal som blir gjort offentleg tilgjengeleg og der du som veljar har moglegheit til å kontrollere eigne opplysningar, og eventuelt sende inn ei klage dersom det er feil i manntalet.

Kommunen har ikkje lov til å publisere manntalet elektronisk, det skal berre føreligge i papirutgåve.

I Vestre Slidre kommune er manntalet lagt ut til gjennomsyn på servicetorget. Det ligg ute frå 14. juli til 8.september.

Tidlegrøysting frå 1. juli til 8. august. Ta kontakt med kommunen du ønskjer å røyste i for meir informasjon.

Du kan førehandsrøyste frå 11. august til og med 5. september. I denne perioden kan du røyste i vallokal over heile landet.

I Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 162966 Slidre, kan du førehandsrøyste ved kommunens servicetorg innafor føljande opningstider:

Måndag – fredag Kl.09.00 – 11.30 og 12.00-14.30

Legitimasjon

Du må vise legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilete, og kan til dømes vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort eller bankkort med bilete.

 

Vi oppfordrer alle som kan til å førehandsrøyste!

Husk legitimasjon!


 

Valstyret i Vestre Slidre kommune

Slidrevegen 16

2966 Slidre

Tlf: valansvarleg Anita Grythe:  41 92 76 29 / 61 34 50 00

Gps-koordinater 61.08864, 8.98218

 

 

Valgdirektoratet har utarbeidd nettstaden www.valg.no her finn du mykje god informasjon om val.