Tett på naturen

I dag fekk barnehagen i Slidre besøk av ei spurveugle!

Slidre barnehage fekk ein liten gjest på besøk. Ute på parkeringsplassen fann vi ein liten fugl liggande urørleg. Dette viste seg å væra ei lita spurveugle. Den vesle ugla var svært så fortumla, truleg hadde ho hatt eit ublidt møte med eine vindauge i barnehagen. Borna fekk sjå på den vesle ugla - Noregs minste ugle. Nokre av borna laga fuglereir av kvistar, medan andre gjekk rundt leita etter mark for at ugla skulle få seg litt mat. Etter ei lita stund kvikna ugla til att. Ugla flaug vidare, klar for nye eventyr. Ei spennande oppleving for både små og store i Slidre barnehage.