Grønsennknippa – turen for alle
Grønsennknippa er turen heile familien kan være med på. Med utsyn mot dei vakre stølsområda rundt gjev Grønnsennknippa ei kjensle av å ha nådd store høgder. Fjellstyret har også ei rekke forslag til andre flotte turmål i kommunen. Ved å delta i stolpejakten kan du vinne premiar medan du nyt tur og natur!
Vardevandring til Olberg
Besøk trevarden frå vikingtida og les sagnet om Valdriskongen som jagde Hallingkongen utfor kanten av det bratte stupet.
Opplev fjellfiske
Store innsjøar og små fjellvatn, mykje rennande vatn og god forvaltning gjev fjellfiske av aller ypparste kaliber i Vestre Slidre. Slidrefjorden og Storfjorden er blant stadene som er kjend for god kvalitet på fisken. Kjøp fiskekort for fiske i heile Valdres.
Leikeplassen på Vaset
Leikeplassen nedanfor Vasetstølen er ein ideell arena for små barn der dei kan ufalde seg i leik, med sklier, klatrestativ og zipline. Leikeplassen har og ein liten grillplass så ta gjerne med ved og pølser til grilling ved vannkanten.
La deg guide
Visit Vaset tilbyr i tillegg ei rekke aktivitetar for store og små. Bli med i jakten på Hulabakkskatten, lær deg å padle kano, skyte med pil og bue, eller bli med på guidet tur til Gråkampen på toppen av Vestre Slidre.
Store Syndinrunden
Store Syndinrunden er ein storslagen rundtur for spreke syklistar og familiar. Turen leiar gjennom vakkert støls- og fjellandskap og inviterar til fisking, bading og fotturar undervegs. Discover Norway skreddersyr også sykkelturer for større grupper på stølsvidda. Også den nasjonale sykkelruta Mjølkevegen, ein av Noregs flotteste sykkelturar, går gjennom vakkert fjell- og stølslandskap i Valdres og Vestre Slidre.
Bading i fjord og fjellvatn
Bryggjenebbe i Røn og Tingsteinen nedanfor Slidre sentrum er populære badeplassar med stupebrett, båtplassar og toalett. Lett tilgjengelege og attraktive for både fastbuande og forbipasserande. Også fjellet byr på flotte badeopplevingar. 900 meter over havet, ligg Rensenn-vatnet, med med fin sandstrand, badeplass og toalett.
Kjøyr deg vill i fjellet
Ta ein biltur langs dei vakre grusvegene i høgfjellet, med mål om å sjå, smake eller bare nyte livet og omgjevnadene.
Smak av Valdres
Du kan handle direkte av fleire matprodusentar i Vestre Slidre og Valdres. Vi anbefalar også dei sjarmerande serveringsplassane i høgfjellet: Vasetstølen, Sekskanten, Gomobu fjellstue og Syndinstøga. På desse stadene har du også mogleiheit til å overnatte.
Stavkyrkjer og bygdekultur
Slidredomen og Lomen stavkyrkje har ope med guidar i sommar. Langs Vestsida av Slidrefjorden kan du og besøkje den vesle steinkyrkja Mo kyrkjeruin som vart bygd om lag 1215.I Gardbergfeltet kan du deler av sommaren helse på geiter som beiter på området kor det har vore husdyrhald i 4500 år.
Elles finn du mange gode tips både på valdres.no og på outtt.com (best på eigen app til Iphone og android) og vangivaldres der du kan guide deg sjølv til gode opplevingar i heile Valdres.