Tildelingar frå kraft- og næringsfond 2026 - Vestre Slidre kommune

Tildelingar frå kraft- og næringsfond 2026

Formannskapet i Vestre Slidre kommune foretok i møtet 21.mai hovudtildelinga av midlar frå kraft- og næringsfondet. Tre verksemder vart tildelt midlar i denne runden. Tildelingane syner mangfoldet i næringslivet i Vestre Slidre. Ei veletablert verksemd som er viden kjend og med nasjonal tyngde inna leirskulebransjen, ei nyetablering som skal bidra til å gjere lokalmat tilgjengeleg der folk er og eit aktivt løypelag som legg til rette skiløyper av høg kvalitet til beste for både lokalbefolkning, hytteeigarar og andre tilreisande.

Ordførar Haldor Ødegård seier: «Kraft- og næringsfondet er eit viktig virkemiddel for kommunen sitt arbeid overfor næringslivet. Fondet er styrka gjennom målretta politiske vedtak og det vil bli tilført midlar også dei neste åra. Kommunen vil gjennom fondet kunne gje støtte til oppstart av ny verksemd og til utvikling av eksisterande verksemder.»

Litt om den einskilde verksemd.

Vasetløypene SA sitt føremål er å etablere og drifte skiløyper og stiar i Vaset-området, mellom anna å skaffe teknisk utstyr eller leige tenester til dette føremålet. Med Vaset-området meiner ein òg områda i nærleiken av det namngjevne området, der det er naturleg for laget å drive løypeservice. Verksemda byggjer på frivillige bidrag frå hytteeigarar, bygdefolk, grunneigarar, næringsliv og andre. Laget har eit ikkje-økonomisk føremål. Løypelaget har i dag to stormaskiner og skal skifte ut den eine til ei ny maskin.

 

Foto: Brennabu AS

Brennabu AS driv Noregs største leirskule, lokalisert på Vaset i Vestre Slidre kommune. Leirskulen tek imot over 4 000 elevar kvart år og er eit sentralt tilbod i det norske leirskule- og utdanningssystemet. I tillegg til leirskuleverksemda betener Brennabu grupper, arrangement, idrettslag, foreiningar og bedrifter gjennom heile året. 

Brennabu har ei viktig rolle i Vestre Slidre ved å sysselsetje rundt 20 personar og bidra til aktivitet året rundt. Gjennom lokale innkjøp og arbeidsplassar styrkjer verksemda busetjing og ringverknader i kommunen. Leirskulen har utvikla anlegg og kompetanse gjennom over 60 år, med verdi regionalt og nasjonalt. Dei planlagde investeringane vil gjere leirskulen meir tilgjengeleg for elevar og gjester med ulike funksjonsnedsetjingar, og vil dermed:

  • utvide marknadsgrunnlaget ved å gjere det mogleg å ta imot fleire klassar der elevar har funksjonsnedsetjing
  • oppfylle samfunnsansvaret om inkluderande læringsarenaer for alle barn og unge
  • sikre at Brennabu kan nærme seg krava til universell utforming i tråd med gjeldande lovgiving og nasjonale mål
  • styrkje Brennabu sin posisjon som føretrekt leirskule og bidra til auka omsetning og aktivitet i Vestre Slidre

 

Danielas Kjøkken er ei nyetablert matverksemd i Vestre Slidre kommune med fokus på latinamerikansk gatemat, kombinert med bruk av lokale råvarer frå Valdres-regionen. Danielas Kjøkken ønskjer å investere i ein brukt, ferdig innreidd food truck for produksjon og sal av mat. Den mobile løysinga vil gjere det mogleg å vere til stades der folk er – både i kvardagen og på arrangement.

 

Retningslinene for kraft- og næringsfondet finn du på kommunen sin nettstad:

https://www.vestre-slidre.kommune.no/_f/p1/i79d3b2b5-2aeb-4d8f-bec4-111d4d238152/retningsliner-for-bruk-av-kraftfondet-i-vestre-slidre-kommune.pdf