Tilknytningsstopp VA i Vasetområdet er oppheva

Vestre Slidre kommune har, frå dags dato, oppheva tilknytningsstoppen for VA i Vasetområdet.

Gjennom vinteren og våren har det vore gjennomført driftsmessige og anleggstekniske tiltak for å best mogleg halde reinsinga innafor krava. Kommunen har på eige initiativ auka prøvetaking til det dobbelte og tek nå 24 i året mot 12 tidlegare. Gjennom påska, som er den perioden med høgast belastning på anlegget, vart det køyrd ekstra prøvetaking også utover dette.

Påska ga i år ei større belastning på anlegget, enn det anlegget nokon gong tidlegere har vore utsett for. Besøket i Vasetområdet var meget stort. Det er i seg sjølv positivt.

Det er også særs hyggeleg at vi no kan oppheve tilknytningsstoppen. Renseresultata har vore gode både i ei påske med høgt påslepp, men og gjennom hausten og vinteren i perioder med lågt påslepp. Tiltaka nevnt ovanfor og svært godt arbeid fra våre driftsoperatørar og leiarar med ansvar på VA-området er bakgrunnen for dei gode renseresultata.

Vestre Slidre kommune har hatt god dialog med Statsforvaltaren om drift og prøveresultat og har god bistand frå dyktige fagfolk i Norconsult. 

Kommunen har saman med Norconsult sett på tiltak som kan auke kapasiteten i anlegget. Det blir nå arbeidd vidare med ei ekstra renseline som skal bli nytta i perioden i året med det høgaste påsleppet på anlegget.