Tilskuddsportalen

Vestre Slidre kommune har teikna abonnement på Tilskuddsportalen. Dette er eit tilbod til alle lag, foreiningar og organisasjonar i Vestre Slidre kommune der ein kan søke midler til ulike prosjekter.

Kanskje treng fotball-laget ny drakter eller du vil vite kva for støtteordningar det er innanfor kultur? Portalen gjev oversikt over alle tilskotsordningar som tilbys norske organisasjonar, og du kan søke etter støtteordninger og tilskot i mange ulike kategoriar. For meir informasjon og korleis du kan registrere deg, sjå informasjonsbrosjyra (PDF, 2 MB). Det vil også etter kvart bli lagt til rette for kurs i bruk av Tilskuddsportalen. Informasjon om dette vil bli annonsert på heimesida til kommunen, og per e-post til lag, foreiningar og organisasjonar i Vestre Slidre kommune.