Trygg Trafikk: Tips til tryggare skuleveger - Vestre Slidre kommune

Trygg Trafikk: Tips til tryggare skuleveger

Ferien er i gang, og skulestart verkar fjern for dei fleste. Likevel oppfordrar Trygg Trafikk alle foreldre til å bruke litt av sommarferien til å øve på skulevegen, særleg med dei minste barna.

– For å bli god til noko så krevst det trening. Det gjeld sjølvsagt også det å ferdast i trafikken til fots, på sykkel eller i bil. Så sjølv om det kan verke litt rart for oss vaksne, er det faktisk viktig å øve på skulevegen.

Det seier regionleder Marianne Mittet Solbraa i Trygg Trafikk, Innlandet. 

– Hugs at barn tenker, reagerer, handlar og hugsar ting på ein helt anna måte enn oss vaksne. Dei må lære seg å handtere alle nye situasjonar – som det å gå til skulen. Da er det beste å øve praktisk saman med foreldre og føresette.

Kartlegg ruta 
Det fyrste du bør gjere er å gå ruta aleine, gjerne på eit tidspunkt der det er litt trafikk. Mange vaksne køyrer stort sett bil, og berre det å gå ruta til fots vil kunne gjere at du ser vegen på ein annan måte.

– Forsøk å sjå vegen, omgjevnadane og trafikksituasjonen med barnas augo – og noter deg stader som kan vere farlege. Hugs at barn er små og har eit anna synsfelt enn vaksne. Dei er impulsive og lar seg lett distrahere. Og viktigast av alt: dei har ingen trafikkforståing. Det betyr at dei ikkje klarer å tolke og føreseie trafikken og farar på same måte som ein vaksen, fortsett Mittet Solbraa.

Så må du gå ruta samen med barnet – fleire gonger.

Som å øvelseskøyre
– Samtalen mellom barnet ditt og deg er viktig. Du er den vaksne som kan forklare og vise. Det er viktig at barnet sjølv får tenke gjennom og snakke med deg om situasjonane og vala de tar. Prat om det dykk ser. Er det ein høg hekk? Eit uoversiktleg kryss? Ein strekning med smalt fortau? Kva gjer vi no? 

Etter kvart som de øver samen, skal barnet sjølv ta meir og meir ansvar. Solbraa samanliknar det litt med å øvelseskøyre. I byrjinga er det den vaksne som instruerer og forklarer. Og etter kvart som barnet blir tryggare, er det den minste som tek over styringa.

Marianne Mittet Solbraa legger til at ein ikkje treng å gjere det alt for omfattande.

Hjartesone
 – Legg inn nokre turar i løpet av sommarferien. Poenget er at barnet skal bli trygge gjennom å trene og å oppleve meistring.  Om fleire går eller syklar og færre køyrer til skulen, blir det tryggare for alle fotgjengarane.  Innlandet fylkeskommune samen med Statens vegvesen og oss i Trygg Trafikk jobbar aktivt for at kvar skule skal ha ein Hjartesone rundt skulen, altså eit område der det er minst mogleg foreldrekøyring.  Gjer øvinga på skulevegen til ein hyggeleg stund, og løn gjerne med ein is når de kjem heim, avsluttar Solbraa.

 

Trygg Trafikks tips til skulevegen:

  1. Øv på skulevegen – prat om det som skjer langs vegen og situasjonar som kan oppstå.
  2. Følg barna til skolen – og byt gjerne på med andre vaksne.
  3. Vel tryggaste veg – sjølv om den kan vere litt lengre.
  4. Sykle saman – Barn bør vere 10–12 år før dei syklar aleine i trafikken.
  5. Skal du køyre til skulen? Vurder om du kan stoppe litt unna skulen og la barnet gå det siste stykket aleine eller saman med andre barn.
  6. Ha det hyggeleg saman!

 

Lykke til med viktig læring og øving! 

Trygg Trafikk har laga ein film om skulestart, den finn du her, ekstern lenke