Utbygging av fiber frå Telenor - Vestre Slidre kommune

Utbygging av fiber frå Telenor

Fleire har dei siste dagane hatt besøk på døra av seljarar som tilbyr fiber på vegne av Telenor.

Innlandet har eit mål om 100% dekning på høghastigheits internett, for husstandar og bedriftar. Alle prosjekt som støttes med offentleg tilskott, må leggast ut på høyring og gå igjennom ein anbudsprosess. Det er Valdres natur- og kulturpark som styrer desse prosjekta på vegne av dei seks valdreskommunane.

Det byggast no ut til dei fleste adressane i Valdres, salet blir gjennomført som besøk på døra og på nett. 

Bestilling via nett:  www.telenor.no/valdres

Informasjonsside:  www.bredbandivaldres.no