VA-utbygging Pålset – Brakastølen.

Hovedtraseèn frå Pålset, på nedsida av Krokånvegen, og opp til samankoplingspunktet i Brakastølvegen, er så godt som ferdig. Men primært pga. kulden som er, og som skal vare ei stund til, så er sjølve samankoplinga med eksisterande VA-nett, sett ut til over nyttår. Entreprenøren har fullført trykkprøving og kamerakjøring på mykje av strekningen, men det står også att noko. Det blir arbeidd videre med dette fram mot jul. Det betyr at hovedledningsnettet, som også inkluderer ny kloakkpumpestasjon, ikkje blir ferdigstilt før på nyåret.

V. Slidre kommune innførte mellombels byggestopp og tilkoplingsstopp i området som sogner til Vaset kloakkrenseanlegg, frå og med 14. november 2022. Grunnen til dette er problemer med å få til tilfredsstillende drift ved Vaset RA over tid. Dette gjer at dei som ikkje hadde sendt inn søknad før 14.11.2022,  ikkje kan kople seg til før denne ‘stoppen’ er oppheva. Vi kan førebels ikkje antyde når det blir muleg å kople seg til (etter søknad!), men det det blir arbeidd med fleire oppgraderinger på Vaset RA, som vi meiner skal stabilisere drifta framover. Kommunen er også i dialog med Statsforvalteren om tiltak ved Vaset RA, og om grunnlaget for bygge-og tilkoplingsstoppen.