Dagleg leiar i Korpsnett, Jan Erik Helleren, og ordførar Haldor Ødegård signerte i dag avtala om Valdres Sommerbrass sitt arrangement i 3 år framover (2025-2027).
"Vi er svært nøgde med at kommunen fortsett å stille kulturhuset og skulen til disposisjon for oss" seier daglig leder i Korpsnett Norge, Jan Erik Helleren, i samband med at avtale i dag vart signert. “Kulturhuset i Slidre er godt eigna for vårt nasjonale sommarkurs for messing, slagverk, unge komponistar og unge dirigentar.”
Ordførar Haldor Ødegård er stolt over at Vestre Slidre blir vald som arena for dette store og viktige arrangementet som samler eit stort tal deltakarar frå heile landet.
