Varsel om auka vasstand i Slidrefjorden!

Vasstanden i Slidrefjorden kan framleis stige med 50 cm frå dagens nivå (onsdag kl 14.00). Toppen er forventa laurdag/ syndag (prognose frå Begnavassdraget (FBR).

Hugs å sikra eigedom og eigedelar. Kommunen tilrår framleis koking av drikkevatn frå private vasskjelder.

Dersom du kjem i ein situasjon du ikkje rår med sjølv, ta kontakt med nødetatane eller kommunen.

Ha respekt for naturkreftene og ikkje oppsøk dei! 

Følg elles med på nettsida til kommunen, Facebook og nasjonale råd.